|
|
|
Rapporter
og politisk behandling:
|
|
|
|
|
|
SE
OGSÅ:
|
|
|

|
Tida
etter ulykka har for svært mange pårørande
og overlevande, blitt ein lang - årelang- krisesituasjon
- med sorg, sakn, angst, utryggleik, bitterhet, tap
av meining.
Spesielt
synest det å vera at, for ein del av oss, kjem
dei største vanskane lenge etter, ikkje berre
månader, men år.
|

Åsne Tveito: Mange har fått dype
spor etter ulykken.
|

(Henta frå Støttebulletinen nr. 7, vinteren
1993)
DJUPE
SPOR
Den tradisjonelle faseteorien - med sjokkreaksjon, bearbeiding,
nyorientering etter kvarandre i ein bestemt rekkefølge
- synest ikkje heilt å stemme. Det verkar som om
fasene kan kome hulter til bulter, omatt og om att - ikkje
i «riktig» rekkefølgje. Det
er ikkje lett for andre å forstå at ein som
overlevde kanskje har det vanskelig etter 2 1/2 år,
og at det fortsatt kan synast like viktig å få
snakke om det som skjedde.
«Nå
snart tre år etter ulykken, kan vi oppsummere
at en del ting i livet vårt er blitt ganske forandret.
Ulykken og arbeidet med den etterpå, har satt
djupe spor. Den psykiske helsa vår har nok fått
en knekk. Livskvaliteten er kanskje blitt dårligere.
Vi kjenner oss godt igjen i beskrivelsen av ettervirkningene
hos overlevende fra andre ulykker.
I
den første tida etter ulykka sto vi og våre
opplevelser i sentrum for all nyhets-interesse. Når
dette ga seg, følte vi oss litt snytt. Hvorfor
er vi ikke midtpunktet lenger? Følelsen av å
stå i sentrum ble avløst av innadvendte
grublerier. Vi fant det vanskelig å konsentrere
oss om vanlige, dagligdagse problemer. Ofte kunne vi,
lettere enn før bli sinte og deprimerte uten
å skjønne hvorfor. Det var ikke lenger
så lett å innbille seg at alt ville bli
bra til slutt, og at vi tross alt fortsatt hadde et
langt og lykkelig liv foran oss.»
(Sitat fra en annen overlevende).
ALEINE
Når den første merksemda er borte, vener
og kjente sluttar å spørje og tenke på
katastrofen, då melder kanskje dei største
vanskane seg. Ein kan kjenne seg så forferdeleg
aleine med dette! Noko av det same trur eg gjeld for
krise- og sorgreaksjonar generelt. Spesielt for Scandinavian
Star-ulykka er nok den sinne og den bitterheten
ein føler i høve til dei som har ansvaret
eller til dei som har skylda for dette.
Uavhengig
av utfallet av rettsaken i København -
står det klart for dei fleste av oss at det var
kynisk spekulasjon, rå profittmotiv som gjorde
at ulykka fikk slikt omfang. Og saman med dette kjem
opplevinga av at det var tilfeldig at nokon overlevde
og andre ikkje: Kvifor oss ?- og ikkje dykk? Kvifor
ikkje oss ?
KORLEIS
SKAPE NY MEINING
Korleis skal ein bli ferdig med - eller få bearbeide
noke slikt? Vi som overlevde kjem til å kjenne
skuldkjensla fordi akkurat vi overlevde. Dette er ei
spesiell skuldkjensle - ein «overlevingsskuld»
eller eksistensiell skuldkjensle («survivor
guilt»). Framtida er blitt meir utrygg, og
uforutsigbar. Det kan også skje med oss. Det blir
vanskelig å oppretthalda meining.
Illusjoner
er brotne. Korleis skal ein skape ny meining? Når
religionen ikkje kan, kven skal då gjera det?
Eg trur dette er felles for mange av oss som overlevde.
For meg sjølv er det slik at eg enno ikkje tar
det heilt for gitt at barna lever eller skal leve. Nye
ulykker ligger stadig på lur, til dømes
om barna ikkje kjem rett heim frå skolen, har
vært lenge borte i «kiosken», kan
det kjennast «katastrofalt». Opplevinga
frå Scandinavian Star har brent seg inn
i medvetet for evig og alltid.
|
|
SEMINAR
I BERGEN
Eg var på eit seminar i Bergen i oktober
i år, (1992, red) der tema var kriser og kriseintervensjon.
Eit gjennomgåande tema der var at det ofte tar lang
tid å koma seg etter kriser og katastrofar, men
at omgjevnadane og hjelpeapparatet har lett for å
gløyme det. |
Olav Müller uttalte at «hukommelsen er
kort for andre sine ulykker». Psykologen Dagfinn
Winje har foretatt ei undersøking av etterverknadene
hos pårørande etter Måbødalulykka,
eitt år, og tre år etter. Dette var ei bussulykke
der 15 skolebarn omkom og 8 vart alvorleg skada. Ein av
konklusjonane var at det ikkje kom fram store skilnader
på reaksjonene eller lidingane hos dei som mista
barn og dei som fekk barna sine alvorleg skada.
MINDRE
ETTERKVART
Det viste seg og at aksepteringa og støtta frå
omgjevnaden vart mindre etterkvart- også den støtta
dei pårørande gav til kvarandre. Fleire
familiar kjente seg avviste 3 år etter ulykka,
og det var ein aukande tendens til å ta på
seg skulda for det som hadde hendt, særleg hos
mødrene.
Kva
fortel så dette? Jo, det fortel både at
reaksjonane ofte er langvarige - og at det ikkje er
nok å setja inn omfattande krisehjelp første
tida. Familiane burde ha blitt fulgt opp aktivt over
lang tid og fått meir aktiv hjelp i høve
til å støtte kvarandre over tid. Fagfolk
kan trengast minst like mykje år etter ulykka
som den aller første tida.
Åsne
Tveito
|

|
Nyhetsarkiv
|
|
Styre
og stell:
|
|
|
|
|
|

UTSKRIFT
|