STØTTEGRUPPEN FOR ETTERLATTE OG OVERLEVENDE ETTER SCANDINAVIAN STAR-ULYKKENHELSE OG SENSKADER |
TO OG EIT HALVT ÅR ETTERHenta
frå Støttebulletinen nr. 7, vinteren 1993) Spesielt synest det å vera at, for ein del av oss, kjem dei største vanskane lenge etter, ikkje berre månader, men år. DJUPE
SPOR «Nå snart tre år etter ulykken, kan vi oppsummere at en del ting i livet vårt er blitt ganske forandret. Ulykken og arbeidet med den etterpå, har satt djupe spor. Den psykiske helsa vår har nok fått en knekk. Livskvaliteten er kanskje blitt dårligere. Vi kjenner oss godt igjen i beskrivelsen av ettervirkningene hos overlevende fra andre ulykker. I den første tida etter ulykka sto vi og våre opplevelser i sentrum for all nyhets-interesse. Når dette ga seg, følte vi oss litt snytt. Hvorfor er vi ikke midtpunktet lenger? Følelsen av å stå i sentrum ble avløst av innadvendte grublerier. Vi fant det vanskelig å konsentrere oss om vanlige, dagligdagse problemer. Ofte kunne vi, lettere enn før bli sinte og deprimerte uten å skjønne hvorfor. Det var ikke lenger så lett å innbille seg at alt ville bli bra til slutt, og at vi tross alt fortsatt hadde et langt og lykkelig liv foran oss.» (Sitat fra en annen overlevende). ALEINE
Uavhengig av utfallet av rettsaken i København - står det klart for dei fleste av oss at det var kynisk spekulasjon, rå profittmotiv som gjorde at ulykka fikk slikt omfang. Og saman med dette kjem opplevinga av at det var tilfeldig at nokon overlevde og andre ikkje: Kvifor oss ?- og ikkje dykk? Kvifor ikkje oss ? KORLEIS
SKAPE NY MEINING Illusjoner er brotne. Korleis skal ein skape ny meining? Når religionen ikkje kan, kven skal då gjera det? Eg trur dette er felles for mange av oss som overlevde. For meg sjølv er det slik at eg enno ikkje tar det heilt for gitt at barna lever eller skal leve. Nye ulykker ligger stadig på lur, til dømes om barna ikkje kjem rett heim frå skolen, har vært lenge borte i «kiosken», kan det kjennast «katastrofalt». Opplevinga frå Scandinavian Star har brent seg inn i medvetet for evig og alltid. SEMINAR
I BERGEN Olav Müller uttalte at «hukommelsen er kort for andre sine ulykker». Psykologen Dagfinn Winje har foretatt ei undersøking av etterverknadene hos pårørande etter Måbødalulykka, eitt år, og tre år etter. Dette var ei bussulykke der 15 skolebarn omkom og 8 vart alvorleg skada. Ein av konklusjonane var at det ikkje kom fram store skilnader på reaksjonene eller lidingane hos dei som mista barn og dei som fekk barna sine alvorleg skada. MINDRE
ETTERKVART Kva fortel så dette? Jo, det fortel både at reaksjonane ofte er langvarige - og at det ikkje er nok å setja inn omfattande krisehjelp første tida. Familiane burde ha blitt fulgt opp aktivt over lang tid og fått meir aktiv hjelp i høve til å støtte kvarandre over tid. Fagfolk kan trengast minst like mykje år etter ulykka som den aller første tida. Åsne Tveito |
|
STØTTEGRUPPEN
ETTER SCANDINAVIAN STAR-ULYKKEN
Pb 23 , 1371 Asker Bankkonto: 5084.68.36435 [Startsiden] |
|